Gjensyn med «Mormor»-filmene!

Nå er det snart 100 års dagen for Anne Cath Vestly, den 15. februar ville hun ha fylt 100 år, og mange kinoer setter opp de over 40 år gamle filmatiseringene til Espen Thorstensson.

Oslo, Colosseum 2, 15.02.20 kl. 14 (med 6 av de 8 ungene tilstede). Samme dag kan filmene også sees i Bergen, Tromsø, Alta, Narvik, Namsos og Geilo

Ellers så vises de i Trondheim 16.02.20,Fredrikstad 25.02.20 (Den store skolekinodagen) og Cinemateket i Oslo 7. og 21. mars.
Barnefilmfestivalen i Kristiansand, samt Drammen, Salangen og muligvis noen flere kan komme til senere.
I tillegg vil NRK ha reprise på sitt program Hipp hurra for Anne Cath Vestly på kvelden den 15.02.

Jeg hadde gleden av å anmelde den første filmen for Dag og Tid i 1977 og intervjue Thorstensson om de begge to år senere. Filmene holder den dag i dag!

Jeg skrev den 29. april 1977 i Dag og Tid: I seinaste laget kjem denne meldinga av Espen Thorstenssons barnefilm etter Anne Cath Vestly-forteljinga «Åtte små, to store og en lastebil», men til gjengjeld vil eg ta hatten av for eit godt og gjevande norsk filmprosjekt. Mormor og dei åtte ungane i byen er ein film som ikkje fell i nokon av dei vanlige klisje-båsane barnefilmer gjerne hamnar i. Filmen er enkle i forteljinga, rolig og sjarmerande for borna, det skin tydeleg igjennom at filmen er laga for dej og ikkje for vaksne som meiner å ha forstand på barnefilm.

Den enkle forteljinga handlar om lastebilen som vert stolen og om mormor som kjem på vitjing fra landet. At Anne-Cath Vestly sjølv spelar rolla som mormora gjev nok filmen eit ekstra pluss, ho er heilt enkelt den kloke og redde landsens kona slik vi hugsar henne frå bøkene. Men ungane tek no kaka likevel da, og særleg de to mellomste, som går på leiting etter lastebilen, fakkar tjuven og narrar dei store syskena – og sjølvsagt Morten minstemann, som er proppfull av fantestrekar og lever i si eiga vesle fantasiverd.

 To år senere skulle film nr. 2 premiere, Mormor og de åtte ungene i skogen og jeg fikk intervjue Thorstensson for samme avis den 28. september 1979. Filmen hadde da hatt visning under Den norske filmfestivalen som det året for første gang ble arrangert i Haugesund.

Jeg innledet med å berømme ham: Du har hatt stor suksess med den første heilkvelds barnefilmen din? Og han svarte: Over 400 000 små og store har sett filmen til no og han har dessutan fått utmerkingane Søvklumpen frå kinosjefforbundet og Gullstrimmelen frå Norsk kinoforbund (dei private kinoane). Og i utlandet er han no i ferd med å bli kjend. Han har fått prisar på festivalane i Gijon og Strasbourg, er vist på cinemateket i Paris på Island og i nederlandsk og tysk fjernsyn. Han er dubba i både Frankrike, Tyskland og Japan!

Espen Thorstensson sto for de første filmenen om mormor og de åtte ungene.

Har du freista å lage ein annerledes film med den nye eller er det ei direkte oppfølging av den første?

Vi jobbar vel på litt andre måtar. Den første var nøye lagt opp bilete for bilete. Vi følgde dreieboka nøye og gav lite rom for improvisasjoner. Noko av bakgrunnen for dette var at vi i den første filmen sikta oss inn på dei minste borna. Til den neste hadde vi eit anna opplegg. Vi filma med 2 16mm kamera og på den måten var det lettare for oss å fange inn ting som hende. Vi trudde at dette kanskje ville føre til biletsstilen ikkje vart like gjennomarbeidd, men det held ikkje stikk.

Mange vaksne tykkjer ikkje om at barna snakkar og spør på kino?

Nettopp. Det er noko av meininga med Mormor-filmane at ungane skal kunne snakke under framsyninga. Dei vaksne sier hysj-hysj når ungane spør. Filmane er laga for at ein skal kunne spørje, tenkje og gjere noko sjølv og ikkje berre følgje passivt med. Det er viktig å bruke bileta slik at ein får tid til å oppleve forteljinga undervegs.